onsdag 6. juli 2011

Sommaren utan planar

Livet er hektisk. Det veit nok dei fleste med små ungar. Alltid noko som skal planleggast, rekkast, gjennomførast. Ferien vår i år har difor berre eitt mål: Å bryta med dette for ei lita stund. Me har difor ingen planar, og difor ikkje noko som skal rekkast. Som ein konsekvens av dette har dei site dagane vore fylt av mykje etterlengta sofasitting med bok og strikking. Har med meg tre bøker på turen, og er no ferdig med den første; ein skikkeleg gledesspredar, og absolutt verdt å få med seg!



Når det gjeld strikkinga er eg nok i gang med mitt mest avanserte prosjekt hittil. Må seie eg leitte meg halvt ihjel for å få tak i oppskrifta, for no å finna ut at den faktisk ligg på nettet... Ja, ja... Den kan iallefall finnast her, og skal bli slik til slutt:


Strikkar den kvite, men kunne godt tenkt meg en brune i ein litt lenger versjon.
Får sjå kva det blir til. Er vel ein sjanse for at eg er for lei til å strikka ein til.
Men den er jo veldig fin, så kanskje ikkje?


Eg har aldri brodert før, så det kan bli spennande å sjå korleis det går. Men ein kan jo ikkje vita om ein kan det før ein har prøvd?

Ynskjer alle ein god og avslappande sommar! :)