lørdag 25. juni 2011

Første innlegg

Kva denne bloggen kjem til å innehalde må vel nesten kome litt etter kvart. Tenkte eg ville begynne med å vise fram nokre av dei prosjekta eg driv med akkurat no. Er veldig glad i å starte på dei, men å gjere dei ferdig er ikkje alltid like enkelt... Men kanskje det vert enklare viss eg legg dei inn her. Kanskje det gir meg ein grunn til å gjere det ferdig? Hadde jo vore kjekt å vist fram noko som var ferdig òg :)



Evigheitsprosjektet... Fekk ein genial idè frå Nøsteblogg om korleis eg skulle få brukt opp noko av restegarnet mitt. Har per dags dato 30 lappar. (Har ein del fleire, men sidan eg brukar masse ulike garntypar vart nokre av lappane alt for små. Desse må nok få eit anna bruksområde.) 




Margrete sin restegarndress. Det er visst ikkje ende på kor mykje restar eg har. Mykje av restane i denne dressen kjem frå mariuskjolen under. På ein måte gjer fargane i dressen meg veldig glad, men samtidig er det kanskje litt rotete? Skulle eigentleg ha sult på kanten framme og i halsen òg, men så tok det gule garnet brått slutt, og eg måtte improvisera litt...


Mariuskjole str 1 år. I litt andre fargar... Både denne og dressen ovanfor er ferdigstrikka, men så stoppar det liksom opp. Festa trådar og hekla kantar er ikkje akkurat det eg likar best.


Dette skal med tid og stunder bli ei selebukse. Har ikkje sydd noko særleg før, så det tek EKSTREMT lang tid! Men akkurat no har det stoppa opp fordi det sto i oppskrifta at eg skulle strykka saumkanten på innsida. Strykejarnet er ikkje akkurat ein nær bekjent av meg. Kan ikkje hugse sist eg brukte det... Men no er det vel berre å ta seg saman og bli ven med det:)


Denne buksa skulle det eigentleg vere føter på, men når ungane byrjar å bli så store at dei bevegar seg mykje rundt, syns eg føter på buksene er heller upraktisk. Så difor måtte føtene vika plassen for kantar som kan brettast opp og ned.




Så det var det første innlegget, og eit lite innblikk i mi verd.

God natt! :)